Njøs næringsutvikling skal vera Sogn og Fjordane sin viktigaste reiskap for nyskaping og næringsutvikling i frukt og bær og andre prioriterte landbruksprodukt.


Arena frukt og bær samde om løftet i merkevarebygging
På samling i Sogndal den 15.mai 2012 var alle frammøtte arenabedrifter samde om det løftet me skal gje for frukt og bær frå Sogn og Nordfjord. Dette er noko alle vil kunna stå bak, og som vil vera eit godt fundament å stå på for vidare arbeid med bygging av renommé og utvikling av produkta frå desse dyrkingsområda. Meir om dette vil koma etter kvart på Arena frukt og bær sine heimesider (www.fruktogber.no)
Les meir
Blomeklase av Moltke
Bløminga trekkjer ut
Det kalde vêret me hadde i april, og som fortsette i mai, har ført til at det som såg ut til å bli tidleg bløming, i staden er etter normalen, og vil bli seinare og seinare dersom vêrmeldarane får rett. Pæresorten Moltke skulle hatt fyrste opne blom på Njøs i dag, 14.mai, om det skulle vore "normalt". Tidleg ballong viser at me er eit par dagar etter i dag.
Les meir
undefined
Nytt blogginnlegg: Fruktdyrking og Organisk Materiale
Tilfør organisk materiale til jorda! Dette er løysinga for å betre jorda, fortel James Cassidy, jordfaginstruktør ved Oregon State University i USA til tidsskriftet The Good Fruit Grower.
Les meir
Kald april 2012
Vêrstasjonen på Njøs viste at medeltemperaturen for april enda på 4,6 grader, mot normalt 5,0. Nedbøren enda på 48,4 mm, mot normalt 39 mm, medan det var 136 timar med sol. Sett i forhold til mars, så var det 0,8 grader kaldare i april, og mykje mindre nedbør. Det vart registert 15 dagar med nedbør i april, og 10 dagar med temperaturar under null.
Les meir
Ny forsøkssprøyte på Njøs
Ny forsøkssprøyte på Njøs
Njøs næringsutvikling har, med god støtte frå NLR Sogn og Fjordane og FMLA i fylket, investert i ei Hardi trilleborsprøyte som er ombygd til forsøksføremål ved Maskinsenteret i Sogndal. Det er kjøpt inn bom til forsøkssprøyting av bringebær, medan me avventar investering i jordbærbom til det er trong for det.
Les meir
Sogn fruktrute - produktmanual
Njøs Næringsutvikling har utvikla brosjyre som samla er ei beskriving av Sogn fruktrute sine aktørar og deira tilbod
Les meir
Kunstgjødselspreiar for stripegjødsling
Stripegjødsling sparar pengar, tid, og miljø
Eikmaskin demonstrerte den nye gjødselspreiaren som Graminor på Njøs har kjøpt inn tysdag 17.september. Det deltok rundt 15 personar som fekk sjå kor fint denne gjødselspreiaren verka. Den spreier jamnt, og berre i treradene, slik at det blir mindre grasvekst i køyregangane, og gjødselen blir jamnt fordelt i trerada.
Les meir

Skurvsesongen er i gang
Tidspunkt for stadiet grøn spiss på Gravenstein på Njøs er i år notert til 22.-23. mars. Det betyr at skurvsesongen er i gang, og for dei som har sterkt smittepress i hagen og skurvutsette sortar vert det tilrådd ei sprøyting med eit koparpreparat i perioden knoppsprett - grøn spiss. Største spreiinga av askosporar har ein i i tida frå musøyre / tett klynge til eit par veker etter avbløming. Følg med på skurvvarslinga (RIMpro) på VIPS.
Les meir
GRIP SJANSEN!
På fredag er det ny sjanse
Les meir

Legg til rette for humla i frukthagen
Villbier og humler si rolle som bestøvarar i frukt og bær er av stor verdi. Norsk Raudliste 2010 syner at ein tredjedel av dei norske biene og humlene er trua, og av desse heile seks av dei 34 humleartane i Norge, i hovudsak pga. øydeleggelse av leveområde. Det er fleire tiltak du kan gjere i frukthagen for å legge til rette for desse insekta.
Les meir
Værdata fra Bioforsk
hit counter
Get a hit counter here.
Heim    Prosjekt    Tilsette    Om oss    Publikasjonar    Kontakt    Næringsklynga    Fagstoff