BÆRSORT
BÆRSORT – «High quality cultivars of strawberry and raspberry for processing and fresh market”, er eit 4-årig prosjekt (2014-2017) finansiert av Norges forskningsråd samt kontantbidrag og eigeninnsats frå prosjektpartnerar. Prosjekteigare er Graminor AS, øvrige prosjektpartnerar er Gartnerhallen, BAMA, Lerum Fabrikker, Røra Fabrikker, Orkla Foods Norge, Sognabær, Valldal Grønt, Sagaplant, Norgro, 4 einingar i Norsk landbruksrådgiving (NLR Sogn og Fjordane, NLR Viken, Landbruk Nordvest og Frukt- og bærrådgivingen Mjøsen), Njøs næringsutvikling (NNU), NIBIO (Kvithamar og Apelsvoll) og Nofima. NNU har ansvar for administrasjon av prosjektet, på oppdrag for Graminor.
Hovedmål for prosjektet er auka konkurransekraft for norsk bærproduksjon og industri gjennom vel tilpassa, nye sortar av bringebær for friskkonsum og konserves. Prosjektet har 5 delmål:
· Utvikling av molekylære markørar for ein meir effektiv seleksjon av sortar.
· Auka kunnskap om innhaldsstoff (metabolittar) i bær og samanheng mellom metabolittar og molekylære markørar.
· Auka kunnskap om samanheng mellom metabolittar og nøkkeleigenskapar hos bæra knytt til kvalitet og haldbarheit hos bær og bærprodukt.
· Utvikling av eit målretta og effektivt system for sortsprøving og val av sortar.
· Klimatilpassa sortar med gode dyrkingseigenskapar for bruk til friskkonsum og i konservesindustri.