Om Njøs frukt- og bærsenter
Njøs frukt- og bærsenter er nasjonalt foredlingssenter for norske frukt- og bærsortar, og utfører oppdraget på vegne av Graminor. Senteret bidreg elles i prosjekt som naturleg høyrer inn under denne kjerneverksemda, og i regionale og nasjonale utviklingsprosessar i frukt og bær. Njøs frukt- og bærsenter er samlokalisert med Norsk landbruksrådgiving vest totalt er me 16 personar på Njøs pr. juni 2022 – av desse utfører 13 utviklingsarbeid og rådgiving innan frukt og bær.
Njøs frukt- og bærsenter er ei namne-endring av Njøs næringsutvikling. Njøs næringsutvikling AS vart skipa 29.08.2007, og er eit prosjektbasert selskap. Det største oppdraget er det langsiktige foredlingsoppdraget i frukt og bær frå Graminor. Meir kortvarige prosjekt vert utvikla i samarbeid med næringa og offentlege bidragsytarar, fyrst og fremst i tilknyting til foredlingsoppdraget. Dei fleste prosjekta nyttar seg av jord-areal, teknisk utstyr og veksthusplass på Njøs, medan andre prosjekt vert løyste hjå kundane. Njøs frukt- og bærsenter tek også del i internasjonale prosjekt som kan gagna frukt- og bærnæringa både regionalt og nasjonalt.
Njøs frukt- og bærsenter ligg like ved kontora til Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland og Statens vegvesen region vest, på eigedomen som tidlegare har vore forskingsstasjon tilknytta Statens forskingsstasjonar i landbruk, Planteforsk og Bioforsk. Det har vore drive utviklingsoppgåver innan frukt og bær på eigedomen sidan 1920. Meteorologiske observasjonar er tekne på Njøs frå 1929, og stasjonen er i dag tilknytta NIBIO sine landbruksmeteorologiske tenester.
Styret
Styret er frå 2025:
Hans Christian Bjerketveit
Styreleiar
Lerum
Nico Kalkdijk
Styremedlem
Gartnerhallen SA
Anders Berqvam
Styremedlem
Sogn frukt og grønt
Trude Risnes
Styremedlem
Vestland fylkekommune
Kristin Børresen
Styremedlem
Graminor AS
Ole Runar Lyslo
Styremedlem
Innvik fruktlager
Aksjonærar i Njøs frukt- og bærsenter AS
I alt 10 aksjonærar teikna aksjer i Njøs frukt- og bærsenter
Fylgjande bedrifter har aksjer i Njøs frukt- og bærenter
Sogn frukt og grønt SA
Vangsnes grønt SA
Gloppen produsentlag SA
Næringsklynga på forsøksgarden
Forsøksgarden er lokalisert på Njøs, nærare bestemt i Njøsavegen 5. Statens forsøksgard for fruktdyrking vart oppretta her i 1920, men Staten sitt engasjement i Njøs er i dag heilt avslutta. I dag er det Njøs frukt- og bærsenter og Norsk landsbruksrådgiving Vest som held til her. Eigedomen er eigd av Njøs eigedom, der Njøs frukt- og bærsenter er hovudaksjonær.
Næringsklyngja ligg tett ved administrasjonsbygget til Statsforvaltaren i Vestland, og i utkanten av Hermansverk sentrum, der deler av administrasjonen til Vestland fylkeskommune held til.