Aktuelt arkiv
Det bles ein ny vind på Njøs frukt- og bærsenter
Liv Hatleli Gilpin blir dagleg leier ved Njøs frukt- og bærsenter i august, ho tek over stafettpinnen etter Stein Harald Hjeltnes som har leia verksemda sidan 2009.
´Lady Oy´var favoritt hos ungdommen
Prosjektet EplePref har vore ei grundig utforsking av forbrukerpreferansar for norske eplesortar, gjennom ein kombinasjon av beskrivande testar og forbrukerundersøkingar. Ved å bruke eit profesjonelt sensorisk panel hos Nofima har eigenskapane til ulike eplesortar blitt grundig karakterisert.
Graminor har nyleg namngitt tre eplesortar 'Fonn', 'Halo' og 'Lady Oy'
Graminor har søkt rettsbeskyttelse for tre nye eplesortar og har gitt dei namna ‘Fonn’, ‘Halo’ og ‘Lady Oy’.
Utprøving av regenerative metodar i frukt
I regenerativtregenerativt landbruk er fokus ofte retta mot næringsnettverket i matjorda, og korleis ein med ulike dyrkingsmetodar kan stimulera jordlivet.
Utlysing av stilling som forsøksteknikar/gartnar
Njøs frukt‐ og bærsenter AS i Leikanger i Sogndal kommune, har hovudansvar for å gjennomføra norsk sortutvikling i frukt og bær, og har i tillegg fleire andre prosjekt innan frukt og bær. Me utvidar no verksemda, og søkjer etter ein medarbeidar som kan inngå i den tekniske utestaben på Njøs.
Fredagsseminar på Njøs frukt- og bærsenter
Det blir fredagsseminar i biblioteket på Njøs den 14. februar kl 1200-1230. Tema for seminaret er pollinering i frukt- og bærhagen.
Rekrutteringsstillinger/Foredlere i frukt og bær
Me utvider staben på Njøs og søkjer no etter to personar med mastergrad som ynskjer å utdanna seg til frukt- og bærforedlarar. Utlysinga går via Graminor, men stillingane blir knytt til Njøs
Rapport om krav til klima hos frukt- og bærslag
I prosjektet KLIMAFRUKT er det laga ein rapport om “Krav til klima hos sorter av viktige frukt- og bærslag og kritiske faktorer for adaptasjon”.
Me har bak oss ein solrik og varm juli månad i 2018
Juli-vêret på Njøs var særdeles flott, utan av det vart nokon rekordar etter det me har tal på. Gjennomsnittstemperaturen for månaden enda på 19,0 grader, som er 4,2 grader over normalen, men litt lågare enn 2014 då me hadde 20 grader! Me fekk 60 mm nedbør mot normalt 57, men det aller meste kom den siste veka frå 24.-31.juli. Då registrerte målaren 52 mm, så det var særs lite som kom før dette regnet.
Vêret i mai 2018 slo alle rekordar!
Vêret på Njøs i mai var heilt utanom det vanlege. Dei siste dagane var døgnmedelen over 20 grader, og medel for mai enda på 14,8 grader. Dette er normalt for juli, og førre rekord i mai var frå 1947 med 12,9 grader. Normalen for mai er 10,3 grader. Me enda altså på 4,5 grader over normalen og 1,9 grader over førre rekordnotering for månaden!
Dykingsrettleiing tindved
Etter 10 års erfaring med prøving av tindved i Sogn har vi skrive ei dyrkingsrettleiing tilpassa norske tilhøve.
Meteorologiske observasjonar
På Njøs er det teke samanhengande meteorologiske observasjonar sidan 1929.
ATLANTBERRY
This is an information database established by the project "ATLANTBERRY - Expanding berry production in the North Atlantic region". The aim of the ATLANTBERRY project (2010-2013) has been to form the base for a commercial production of berries in plastic tunnels in Iceland, Faroe Islands and Greenland.
Vêret i året 2017
Vêret i 2017 var prega av lite sol og mykje nedbør, men utan dei store ekstremane på Njøs. Året kom ut med ein medeltemperatur på 7,7 grader, som er 1,1 grad over normalen på 6,6. Nedbøren enda på 1276,3 mm, som var 33 prosent over normalen som er 994 mm. Det er ikkje meir enn to år sidan me hadde høgare årsnedbør. I 2015 enda me på 1329,5 mm!
Produktutvikling i siderproduksjon
Sogn og Fjordane Fylkeskommune har løyvd midlar for å utvide og styrke siderproduksjonen til Gardsbrenneriet AS. Njøs Næringsutvikling skal vera innovasjonsprosessleiar.
Juni 2017 - ein fuktig månad
Juni 2017 var ikkje ein månad me vil minnast som ein god sommarmånad. Temperaturen enda på 13,5 grader, som er 0,3 grader under normalen. Det er fyrste månaden me har har under normal temperatur dette året. Nedbørsmengda vart 85,2 mm, mot normalt 50 mm, men det er ikkje rekord. Den hadde me i 2011 då det kom heile 157,6 mm!
Stor internasjonal aktivitet på Njøs.
Torsdag 11. mai var det folksamt i frukthagane på Njøs. Her var forskarar frå inn- og utland, samt ein doktorgradsstipendiat som var her heile veka.
Mjølkekartongar kan brukast til so mangt..
Mjølkekatrongar kan brukast til so mangt..
Her er det hengt opp mjølkekartongar med blomstrande kvister av Fritjof i eit felt med Celina. Slik kan ein ordna seg når ein manglar nok tre av pollensortar i eit pærefelt.
Vått og mildt dei tre fyrste månadane av 2017
Dei fyrste tre månadane av 2017 var milde og våte. Høge gjennomsnittstemperaturar har gitt tidleg utvikling av knoppane.
Effekt av tiltak mot raud rotròte i bringebær.
Raud rotròte reduserar veksten av røtene hjå bringebærplanta, og ved sterke angrep vil plantene døy. Soppsporane spreier seg med fritt vatn i jorda, slik at god drenering er avgjerande for å redusera smittespreiing.