Det bles ein ny vind på Njøs frukt- og bærsenter
Liv Hatleli Gilpin blir dagleg leier ved Njøs frukt- og bærsenter i august, ho tek over stafettpinnen etter Stein Harald Hjeltnes som har leia verksemda sidan 2009.
Liv Hatleli Gilpin blir dagleg leier ved Njøs frukt- og bærsenter.
Styret i Njøs frukt- og bærsenter tilsette i styremøte 11.03.2025, Liv Hatleli Gilpin som ny dagleg leier på Njøs frukt- og bærsenter i Sogn. Noverande leiar Stein Harald Hjeltnes overlappar i stillinga ut august, og fortset i selskapet som seniorrådgivar med hovedfokus på foredling og forskning. Liv har vore tilknytt Njøs sidan 2009, ho har arbeidd med forsking på kompost og kompostuttrekk, jordbuande sjukdomar i bær, produktutvikling i frukt og bær, og økologisk dyrking. Ho har svært god kjennskap til verksemda sidan ho har fylgd den nesten frå oppstarten. I desember 2024 fullførte Liv ein nærings-ph.d. i fruktforedling med fokus på molekylær foredling i eple ved Norges miljø-og biovitenskapelige universitet. Utdanning av nye foredlarar er ein del av satsinga ved Njøs frukt- og bærsenter, som vil fortsetja å væra eit kompetansesenter innan frukt- og bærnæringa i Noreg. Det vert bygd eit nytt forskingsbygg på Njøs som vil stå ferdig hausten 2025, dette er ei viktig satsing for å sikra den vidare utviklinga av norsk frukt og bær.
Styreleder i Njøs frukt- og bærsenter, Harald Blaaflat Mundal er svært positivt med tanke på fremtiden:
«Med Livs erfaring og engasjement for utvikling i næringa ser me fram til å vidareføre og styrkje arbeidet vårt innan forsking og innovasjon.Og med både ny dagleg leiar og eit topp moderne forskingsbygg på plass, står Njøs Frukt- og Bærsenter sterkt rusta for framtida. Me vil halde fram med å bidra til auka sjølvforsyning, betre folkehelse og utvikling av nye, norske frukt- og bærsortar. Me ser fram til ei spennande tid med vidare vekst og innovasjon innan frukt og bær næringa.
Eg er også glad for at noverande dagleg leiar Stein Harald Hjeltnes blir med vidare ei stund til. Han har vore ein svært viktig og uunnverleg ressurs for Njøs i mange år, og vil vere ei god støtte for Liv i ein overgangsperiode.»
Liv skal i tillegg til rollen som daglig leder arbeide med å ta i bruk nye metoder i frukt- og bærforedlingen på Njøs i samarbeid med Graminor AS. Dette er en naturlig videreføring av ph.d.-arbeidet og vil være svært viktig for å gi ny kraft til sortsforedlingen av frukt og bær.