Maskinell skjering av eple

Njøs næringsutvikling har etablert eit felt med fleire sortar der standard moderne tettplanting vert samanlikna med eit nytt skjeringskonsept - fruktvegg (Fruit wall). Dette er ein dyrkingsmetode som er på frammarsj elles i Europa, då det medførerer vesentleg mindre manuelt arbeid, og mindre vekselbering. 

Trea skal skjerast og tynnast maskinelt, slik at det er berre haustearbeidet som vert gjort manuelt. I feltet er det med Aroma, Aroma 'Ylsiåker', Rubinstep, Discovery, Idunn og Oya. Nokon av sortane er planta fyrst og fremst med tanke på industriell utnytting av frukta. 

Prosjektet er etablert som eit Skattefunn-prosjekt i Njøs næringsutvikling, men er også støtta av Fylkesmannens landbruksavdeling i Sogn og Fjordane og Hordaland, og Sognefrukt. 

Prosjektleiar: Stein Harald Hjeltnes

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Sortsdatabase i frukt og bær

Neste
Neste

Mekanisk tynning av frukt