EplePref
Startdato: 01.03.2023
Sluttdato: 28.02.2024
Finansiering: Regionalt forskingsfond Vestland – regionalt kvalifiseringsprosjekt
Samarbeid: Nofima
Kontaktperson:
Dag Røen
Prosjektleiar
Tlf.: +47 975 24 065
E-post: dag@njos.no
EplePref - Forbrukarpreferanse for norske sortar av eple
Beskrivande test og forbrukarundersøking
Vi vil i dette forprosjektet gjennomføre ein beskrivande test ved bruk av eit profesjonelt sensorisk panel hos Nofima for karakterisering av eigenskapar hos sortar og sortskandidatar i eple. For dei same sortane vil vi så parallelt gjennomføre ei forbrukarundersøking hos ungdom i ungdomsskule, vidaregåande skule og høgskule, og dessutan instrumentelle målingar på sortane. Resultata frå beskrivande test, forbrukarundersøking og instrumentelle målingar blir så sett i samanheng for å få svar på kva eigenskapar som blir tillagt mest vekt hos denne forbrukargruppa og eventuelle segment innanfor denne.