Nye frukt-og bærkulturar

I Sogn og Fjordane vert det satsa målretta på å finne nye kulturar som kan vidareutvikle frukt- og bærnæringa i regionen. Fleire artar er no i prøving hos dyrkarar og Njøs næringsutvikling AS.

I dette langsiktige prosjektet driv vi eit kontinuerleg søk etter nye aktuelle kulturar og ei vurdering av potensialet hos desse for økonomisk lønsam dyrking i Sogn og Fjordane. Av dei mest interessante kulturane vert det så teke inn materiale for prøving. Vi har no i gang prøving av m.a. aprikos, blåleddved, eldkvede, minikiwi, Ribes til friskkonsum, svarte bringebær, tindved.

Val av kulturar for prøving skjer i nært samarbeid med næringa. Det vert lagt vekt på å starte prøvinga med gode sortar som er tilpassa vårt klima. Prøvinga skal i størst mogeleg grad finne stad ute hos dyrkarar. Samtidig vert det planta prøvefelt/demonstrasjonsfelt hos Njøs næringsutvikling AS i Leikanger. Vi arbeider parallelt med kulturar som kan koma raskt i dyrking og kulturar med potensial på lenger sikt. Ut frå dette basisprosjektet vert det så etter kvart generert separate prosjekt for konkrete satsingar på ein eller fleire kulturar.

Prosjektleiar: Dag Røen
Tidsramme: 1.07.2007 -
Finansiering: Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Forrige
Forrige

Nye tiltak mot raud rotròte (Phytophthora rubi) i bringebær

Neste
Neste

Meteorologiske observasjonar