Utviklingsprosjekt
Her finn du info om alle våre prosjekter.
Nye norske pærer
Prosjektet "Nye norske pærer" skal leggja grunnlag for ny vekst i norsk produksjon av pærer, og utvikla marknaden med nye, gode typar pærer. Hovudvekt blir lagt på den nye sorten Celina.
Svarthyll og tindved
Prosjektet «Innovative bærprodukter med helseprofil fra norskprodusert svarthyll og tindved» arbeider med å utvikle produksjon av svarthyll og tindved i Sogn og Fjordane, og produkt basert på desse råvarene. Njøs næringsutvikling si oppgåve i prosjektet omfattar sortar, dyrkingsteknikk, hausteteknikk og oppfølging av felt hos dyrkarar.
Nye frukt-og bærkulturar
I Sogn og Fjordane vert det satsa målretta på å finne nye kulturar som kan vidareutvikle frukt- og bærnæringa i regionen. Fleire artar er no i prøving hos dyrkarar og Njøs næringsutvikling AS.
Økologisk dyrking av svarthyll
Økologisk svarthylldyrking føregår i Fresvik, og Njøs næringsutvikling har utarbeidd ei dyrkingsrettleiing som kan kjøpast for kr 200 ved å senda e-post til post@njos.no
Sortsdatabase i frukt og bær
Njøs næringsutvikling leiar eit prosjekt som skal føra til ein sortsdatabase som er råd å bruka på internett, der deler av den er open for alle. Rocketfarm står for programmeringa av databasen.
Klonarkiv i frukt og bær
Njøs næringsutvikling tek vare på gamle sortar av frukt og bær for Norsk genressurssenter. Samlingane består av eplesortar, pæresortar, plommesortar, bringebærsortar, jordbær, rips, solbær og stikkelsbær. Frukttrea står i vanleg fruktfelt, det same gjeld rips, solbær og stikkelsbær. Jordbær og bringebær vert oppbevarte i instekttett plasthus om sommaren, på plantelager om vinteren.