Overrisling istadenfor tåkesprøyta?
Bruk av spreiaranlegg som alternativ til tåkesprøyte i økologisk epleproduksjon er aktuelt for tilførsle av økologisk tillatne plantevernmiddel som svovel og bakepulver til rett tid. Dette er også ei klimavenleg teknologisk løysing med potensiale til å redusera jordpakking, og spare arbeids- og traktortimar.
Fastmonterte spreiaranlegg er ikkje noko nytt, men har lenge blitt brukt i Sør-Tyrol for vatning og frostvatning. Alt på 50-talet vart det gjennomført forsøk med tilførsle av plantevernmiddel gjennom desse anlegga. Med auka areal under økologisk drift har teknologien på nytt blitt aktuell. I både Austerrike og Sør-Tyrol nyttar nokre dyrkarar allereie ombygde frostvatningsanlegg til å spreie plantevernmiddel som er tillatt brukt i økologisk drift.
Sjå publisert artikkel i Norsk frukt og bær om emnet.