Utvikling og måling av effekt av kvalitetskompost til frukt- og bærproduksjon på Vestlandet
Testforsøk på Njøs med utprøving av ulike vekstmedium for frukttre (SIMAS-kompost, torv og ulike blandingar av desse).
RFF Vestlandet har løyvd 3 millionar til forskingsprosjektet "Utvikling og måling av effekt av kvalitetskompost til frukt- og bærproduksjon på Vestlandet".
Det er påvist førekomst av jordtrøyttleik og lite fruktbar jord i eplehagar og jordbæråkrar i både Hordaland og Sogn og Fjordane. No får Simas Næring AS inntil tre millionar kroner i støtte til å utforske bruk av lokalt produsert kompost til å forbetre jordkvaliteten i frukt- og bærdyrking.
Njøs Næringsutvikling AS har prosjektleiinga og i tillegg er Lindum AS, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane AS, engelske East Malling Research, Universitetet i Poznan og Universitetet i Oslo med som forskingspartnarar i prosjektet. Saman skal dei mellom anna gjere forsøk med kompostbaserte alternativ til torv som dyrkingsmedium for epletre planta i potte og jordbær i sekk.
Forskarane vil legge vekt på å utnytte sjukdomshemmande organismar i komposttypar der matavfall inngår, slik at prosjektet også skal kunne bidra til mindre behov for kjemiske plantevernmiddel i næringa. Det vil elles vere ei sentral forskingsutfordring å finne gode metodar for å vaske ut salt frå komposten, då særleg jordbærplantar tåler salt dårleg.