Utviklingsprosjekt
Her finn du info om alle våre prosjekter.
Sogn fruktrute
Sogn fruktrute var eit prosjekt under "Frukt og bær rundt neste sving", og vart avslutta med etablering av ein permanent organisasjon frå 2014
VRI3 - Sogn og Fjordane - mat og reiseliv
VRI (Verkemiddel for Regional Innovasjon) skal stimulera til meir bruk av FoU i bedriftene. Njøs næringsutvikling har hovudansvar for temaet "Mat og reiseliv".
Eple pluss - bedriftsutviklingsprosjekt i Sognefrukt og Innvik fruktlager
Njøs næringsutvikling er prosjektleiar for Sognefrukt og Innvik fruktlager i deira satsing for å fornya epleproduksjonen i området - satsinga er kalla Eple pluss
Programstyret for frukt og grønt
Programstyret for frukt og grønt arbeider for å auka verdiskapinga frå denne sektoren i Sogn og Fjordane. Dette skal skje gjennom utvikling av eksisterande produksjonar og etablering av nye. Målet om dobla verdi frå sektoren frå 2005 til 2015 er nådd, og programstyret set no nye mål for komande år
Frukt- og bærklyngja i Sogn og Fjordane
"Sogn og Fjordane - Noregs fruktfat" er merkevara som medlemene i Frukt- og bærklyngja i Sogn og Fjordane ber saman. Me skal vera leiande på innovasjonar i frukt og bær i Noreg.