Kompost med jordforbetrande effekt
SIMAS har fått løyving til eit kvalifiseringsprosjekt hjå Regionalt forskingsfond for Vestlandet, for å undersøkja effekten av kompost på jord og jordlivet i frukt- og bærdyrking. Internasjonalt er jordtrøyttleik, at tilvekst på nyplanta frukttre er dårlegare enn forventa, eit aukande problem, og det skuldast etterverknader etter tre som er rydda. Tilførsle av organisk materiale er ei sett på som ei god rådgjerd mot dette problemet, og SIMAS ynskjer å undersøkja om den komposten som vert produsert i deira anlegg kan nyttast. Lindum, som er av dei fremste ekspertar på storproduksjon av hushalds- og hagekompost i landet, har ein viktig rolle prosjektet. Njøs næringsutvikling har prosjektleiing og utfører potteforsøk i jord som er samla frå gamle frukthagar i Sogn og Hardanger.
Prosjektleiar: Liv Hatleli