Utviklingsprosjekt
Her finn du info om alle våre prosjekter.
Kompost med jordforbetrande effekt
Kompost med jordforbetrande effekt i frukt- og bærproduksjon er eit prosjekt som SIMAS har fått midlar frå Regionalt forskingsfond for Vestlandet til å gjennomføra i samarbeid med Njøs næringsutvikling og Lindum.
Økologisk visningsfelt
Det er etablert eit visningsfelt på Njøs, dyrka etter moderne dyrkingsprinsipp med fokus på sortsutprøving innan økologisk fruktdyrking. Økologisk føregangsfylke for frukt og bær støtta etableringa.
Sprinklaranlegg i økologisk eplefelt
Njøs Næringsutvikling starta i 2014 eit prosjekt der ein skal undersøke bruk av sprinklaranlegg som alternativ til tåkesprøyte i økologisk epleproduksjon. I det toårige prosjektet skal det registrerast dekningsgrad og arbeidstid. Målet er optimal tilførsle av økologisk tillatne plantevernmiddel som svovel og bakepulver, samt å spara arbeids- og traktortimar. Anlegget vil også vera godt egna til frostvatning i utsette kulturar. Prosjektet er støtta av Fylkesmannen Sogn og Fjordane og Føregansfylke økologisk frukt og bær.