PRUNDOC
PRUNDOC - "Identification of a representative set of Prunus domestica accessions of European origin, well documented and characterized, to be included into the AEGIS system", er eit eittårig prosjekt som er finansert av ECPGR frå fyrste utlysinga av prosjektmidlar i 2014. Totalt 10 partnerar skal velja ut plommesortar som er unike for kvart land, og desse skal skildrast både i felt og ved hjelp av moderne DNA-teknologi. Desse analysane skal utførast på SLU Balsgård.
Den norske innsatsen er også delvis finansiert av Norsk genressurssenter.
Prosjektleiar: Stein Harald Hjeltnes