Utviklingsprosjekt
Her finn du info om alle våre prosjekter.
Genetisk etterkontroll i eple
Genetisk etterkontroll er eit arbeid Graminor AS har fått i oppdrag av Sagaplant AS. Graminor har delegert arbeidet til Njøs Næringsutvikling AS, som årleg utfører arbeidet.
Virusrensing i eple
Det vart påvist heksekost (apple proliferation phytoplasma) i eplefelt ved Njøs frukt- og bærsenter hausten 2008 og vi har sidan da hatt omsetnadsforbod for pode- og okulasjonskvist frå eigedomen. For å ta vare på den store samlinga av eplesortar på Njøs og samtidig blir fri for pode- og okulasjonskvist frå eigedomen.
Genetisk etterkontroll Rubus
Genetisk etterkontroll er eit arbeid Graminor AS har fått i oppdrag av Sagaplant As. Graminor har delegert arbeidet til Njøs Næringsutvikling AS, som årleg utfører arbeidet.
Karakterisering og evaluering av rotekte plommer
Rotekte plommer er dei eldste plommetypane som finst her i landet, og over 20 unike typar er identifiserte frå ulike stader i landet. Det finst både blå, raude, gule og gulgrøne typar.
Klonarkiv i frukt og bær
Klonarkivet på Njøs inneheld fleire hundre sortar av eple, pære, plomme, jordbær, bringebær, solbær, rips og stikkelsbær, og er del av ei nasjonal samling av sortar som høyrer til den norske plantearven.